Vegen vidare: Gry Molvær Hivju

05. februar 2025

Gry Molvær Hivju Foto Tor Sivertstøl
Tidlegare student, dokumentarfilmregissør og historiefortellar Gry Molvær Hivju. Foto: Tor Sivertstøl

Tidlegare student, dokumentarfilmregissør, kommunikatør og historiefortellar Gry Molvær Hivju har hatt god bruk for det ho lærte i studietida på Granum. - Komposisjon, farge, lys og konsept, er heilt grunnleggande også i film for å få fram narrativ og visjon, seier ho.

.

YRKE: Dokumentarfilmregissør, kommunikatør og historiefortellar.
UTDANNING: Medieutdanninga ved Høgskulen i Volda TV/film/radio/avis, samt tilleggsfag i statsvitenskap. Har produsert ei rekke program og dokumentarfilmar for NRK1, samt hatt fleire fotografiutstillingar. Har og hatt filmscenografi på større forestillingar mellom anna i Nidarosdomen. Einar Granum Kunstfagskole (2014-2016).

Kvifor valde du Einar Granum Kunstfagskole?

- Heilt frå eg var ung, var eigentleg planen å utdanne seg innan kunstfag. Men så «skjer livet», og det vart TV, film, radio og media på meg, og deretter mange veldig hyggelege år i NRK, og seinare dokumentarfilmregissør og eksternprodusent mykje også for NRK. Likevel har interessa alltid vore der, og i fleire av dokumentarfilmane mine la eg vekt på særeigne, visuelle grep. Så i 2014 greip eg sjansen i vaksen alder å starta på Granum. Eg hadde høyrt skulen var sterk på grunnleggande teknikkar, og i dei klassiske faga, og det var nettopp dette eg var ute etter. Film er visuell historiefortelling, og det å kunne bruke tid til å utvide ytterlegare kunnskapen om komposisjon, farge, lys, rørsle, og innovasjon, var fantastisk.

Kva er dine beste minner frå studietida på Granum?

- Etter å ha vore mange år i eit hektisk arbeidsliv der ein i stor grad leverer til andre, så var det eineståande for meg som vaksen å få lov til å bruke tida uforstyrra til å gå inn i teiknefaget og få ro og konsentrasjon til å lære og å utvikle meg. Gode og interesserte lærarar, og hyggelege medstudentar som villeg delte, var utruleg inspirerande. Du trener opp ein kreativ musklatur i løpet av slike år som du stadig vender attende til og brukar ubevisst og bevisst i mykje av det du gjer kvar dag.

Kva har du hatt mest bruk for av det du lærte under studietida?

- Det er nesten vanskeleg å trekke fram einskilde tema; men komposisjon, farge, lys, konsept, er heilt grunleggande også i film for å få fram narrativ og visjon. Eg syns også at det å kunne sjå andre sine uttrykk; gjennom undervisning eller i medstudentar sitt arbeid, allltid er forfriskande og lærerikt. Det gir kraft til nytenking, leik, og framoverlente løysingar også i film og visuell kommunikasjon som eg jobbar med i ulike former.

Kva er ditt tips til Granum-studentar som vurderer å jobbe vidare med kunst?

- Eg syns det er vanskeleg å gi eit konkret råd, for kunstyrket er så mangslunge og overlappar i dag mange felt og yrke. Men ofte krev det mykje arbeid på eiga hand; at ein må drive sine eigne prosjekt, og at ein må ha ein viss sjølvdisiplin for at det skal gå framover. Eg kan berre snakke for meg sjølv; men ein god gamaldags «deadline» kan av og til vere ok. - At ein sjølv bestemmer seg for å ha ei utstilling, at ein sjølv bestemmer seg for å vise fram noko, eller ha noko klart til den og den datoen. Kanskje banalt. Men om ein ikkje har eit prosjekt eller eit mål, så har vi menneske ofte ein innebygd tendens til å utsette ting. - Og om ein kanskje ikkje får jobbe med kunst på fulltid; hald handtverket og gnisten vedlike. Delta på kveldskroki, kurs, samlingar, der det er møtepunkt og finn eit lite fellesskap. Ikkje bli gåande for mykje åleine.

Søk nå